bioCEED news

Interessert i forsking og utdanning? Ledige stillingar som fagkonsulent i bioCEED – søknadsfrist 28. februar

(Norwegian only)

Er du student og interessert i forsking og utdanning?
bioCEED –Senter for framifrå utdanning i biologi, søkjer inntil tre til fem fagkonsulentar (20%-stillingar) som skal bidra til bioCEED sitt arbeid med å fremja studentaktiv læring, forskingspraksis og –aktivitet i undervisninga ved Institutt for biovitskap (BIO). Stillingane vil særleg bidra i pågåande undervisningsutvikling og læringsforsking ved senteret. Ved å delta i dette arbeidet vil fagkonsulentane få direkte erfaring med utviklingsprosessar i eit inspirerande akademisk miljø.

Perioden for tilsetting er 6 månadar, med moglegheit til forlenging opp til eit år.

Om senteret og instituttet
bioCEED er eit Senter for framifrå utdanning (SFU) og er eit konsortium som består av Universitetet i Bergen (Biovitenskap og Pedagogikk, UiB), Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) og Havforskingsinstituttet. Senteret er bygd på visjonen om at biologi som fagfelt, samt biologane, veks fram i samspelet mellom grunnleggande biologisk teori, fagspesifikke ferdigheiter og biologiens breie relevans for samfunnet. Denne visjonen er leiande for alt arbeid i senteret. bioCEED utviklar, forskar på, og brukar nye og innovative tilnærmingar til studentaktiv læring i biologi.

Ei viktig prioritering for bioCEED er å utvikle studentaktiv forsking i BIO sine studieprogram. Vi har eit sterkt engasjement for å fremja studentpartnerskap, og mange av utviklingsprosjekta våre er initierte og leia av studentar. bioCEED legg vekt på studentaktiv felt- og laboratorieundervising med fokus på å utvikle praksis i forsking og andre arbeidsplassar som læringsarenaer. bioCEED har omkring 10 tilsette i ulike stillingar knytt til undervisingsutvikling og læringsforsking, i tillegg til ei gruppe studentmedarbeidarar.

Institutt for biovitskap (BIO) har forskings- og utdanningsaktivitet på tvers av dei biologiske vitskapane. BIO er det største instituttet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, med studieprogram som dekkjer eit breitt spekter av fagområde innanfor biologi gjennom to bachelorprogram, to masterprogram, to integrerte masterprogram i tillegg til biologidelen av UiB sitt integrerte program for lektorutdanning. Som vertskap for SFU bioCEED har BIO et spesielt ansvar for og fokus på kvalitet og utvikling av undervisning og læringsmetodar.

Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene til fagkonsulentane er knytt til pågåande utviklings- og forskingsprojekt ved bioCEED. Arbeidet er forankra i samarbeidsprosessar som omfattar studentar, fagleg- og administrativt tilsette ved UiB og BIO/bioCEED. Ein viktig del av arbeidet er knytt til vidareutvikling, evaluering og dokumentasjon av eksisterande læringsmodular som til dømes bioSKRIV bioSPIRE, bioPRAKSIS og studentjournalen BIKUBEN. Dei tilsette fagkonsulentane vil óg ha høve til å utvikle nye prosjekt, og arbeide innanfor spesifikke område, som til dømes:

  • Dialog med studentane  i ulike fora ved BIO
  • Nettbasert kommunikasjon, utvikling av nettsider og plattformar
  • Evaluering og dokumentasjon av utviklingsprosessar
  • Formidling- og kommunikasjonsarbeid
  • Administrasjon og arrangementsstøtte

Fagkonsulentane (bioBEEs) inngår i bioCEEDs studentgruppe bioHIVE.

Val av kandidatar til stillingane vil gjerast på bakgrunn av relevant kompetanse og erfaring inn mot desse arbeidsområda. Vi vil og vektlegge at bioHIVE kan representere ei mangfaldig studentgruppe.

Kvalifikasjonskrav  

  • Den som vert tilsett må vere student på eit studieprogram ved Institutt for biovitskap eller student på programmet Lektor naturvitskap og matematikk (med biologi) ved UiB. Tilknyting til andre studieprogram ved Universitetet i Bergen kan ved særskilt relevant erfaring vurderast.
  • Erfaring frå undervising, studentorganisasjonar, læringsmiljøarbeid, undervisningsutvikling, undervisning og/eller annan fagleg formidling vil vurderast positivt
  • God munnleg og skriftleg formidlingsevne

 Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert og motivert
  • Du samarbeider godt med andre
  • Du er sjølvstendig har evne til kritisk tenking
  • Du er kreativ og tar initiativ

Vi  tilbyr

  • Eit lærande og inspirerande arbeidsmiljø med rom for personleg utvikling
  • Ein hyggeleg og variert arbeidskvardag
  • Høve til å få erfaring frå prosjektarbeid, undervisingsutvikling, forsking, formidling og administrasjon
  • Løn etter utdanningsnivå, med lønssteg 35 for påbegynt og lønssteg 40 (kode 0389) for oppnådd bachelorgrad i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 373 200 (35) eller 396 900 (40) brutto i 100 % stilling.

Søknaden skal innehalde 

  •  Søknadsbrev (inntil ei side)
  • CV som dekkjer utdanning og relevant arbeidserfaring
  •  Kopi av vitnemål og eventuelle attestar

Generell informasjon 

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til senterleder Sehoya Cotner (Sehoya.Cotner@uib.no, telefon 41336440) eller prosjektkoordinator Kristin Holtermann, (Kristin.Holtermann@uib.no, telefon 55 58 26 84). Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

For søkjarar som vert kalla inn til intervju vi me leggje stor vekt på inntrykket under sjølve intervjuet for den endelege vurderinga.

Send søknad, CV, vitnemål og attestar på epost til: Kristin.Holtermann@uib.no

Søknadsfrist: Måndag 28. februar 2022

Comments are closed.