Er du student og interessert i forsking og utdanning?
bioCEED – Senter for framifrå utdanning i biologi, søkjer inntil fem studentmedarbeidarar (fagkonsulentar, 20%-stillingar) som skal bidra til bioCEED sitt arbeid med å fremme studentaktiv læring, forskingspraksis og –aktivitet i undervisinga ved Institutt for biovitskap (BIO). Stillingane vil bidra i pågåande undervisningsutvikling og læringsforsking ved senteret. Ved å delta i dette arbeidet vil fagkonsulentane få direkte erfaring med utviklingsprosessar i eit inspirerande akademisk miljø.
Perioden for tilsetting er 6 månadar, med moglegheit til forlenging opp til eit år.
Om senteret
bioCEED er eit Senter for framifrå utdanning (SFU) og er eit konsortium som består av Universitetet i Bergen (Biovitskap og Pedagogikk, UiB), Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) og Havforskingsinstituttet. Senteret er bygd på visjonen om at biologi som fagfelt, samt biologane, veks fram i samspelet mellom grunnleggande biologisk teori, fagspesifikke ferdigheiter og biologiens breie relevans for samfunnet. Denne visjonen er leiande for alt arbeid i senteret. bioCEED utviklar, forskar på, og brukar nye og innovative tilnærmingar til studentaktiv læring i biologi.
Ei viktig prioritering for bioCEED er å utvikle studentaktiv forsking i BIO sine studieprogram. Vi har eit sterkt engasjement for å fremme studentpartnarskap, og fleire av utviklingsprosjekta våre er initierte og leia av studentar. bioCEED legg vekt på studentaktiv felt- og laboratorieundervising, og praksis i forsking og andre arbeidsplassar, som læringsarenaer. Senteret har omkring 10 tilsette i ulike stillingar knytt til undervisingsutvikling og læringsforsking, i tillegg til ei gruppe studentmedarbeidarar.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene til fagkonsulentane er knytt til pågåande utviklings- og forskingsprosjekt i bioCEED. Ein viktig del av arbeidet er knytt til vidareutvikling, evaluering og dokumentasjon av eksisterande læringsmodular (t.d. biORAKEL, bioSKRIV, bioSTATS, bioSPIRE og studentjournalen BIKUBEN) i tillegg til utviklings- og forskingsprosjekt knytt til praksis (DEVELOP) og studieprogramutvikling (Redesign). Dei tilsette fagkonsulentane vil òg ha høve til å utvikle nye prosjekt, og arbeide innanfor andre område, som til dømes
- Dialog med studentane i ulike fora ved BIO
- Nettbasert kommunikasjon, utvikling av nettsider og plattformar
- Evaluering og dokumentasjon av utviklingsprosessar
- Formidling- og kommunikasjonsarbeid
- Administrasjon og arrangementsstøtte
Fagkonsulentane (bioBEEs) inngår i bioCEEDs studentgruppe bioHIVE.
Val av kandidatar til stillingane vil bli gjort på bakgrunn av relevant kompetanse og erfaring inn mot arbeidsområda. Vi vil òg vektlegge at bioHIVE kan representere ei mangfaldig studentgruppe.
Kvalifikasjonskrav
- Den som vert tilsett må vere student på eit studieprogram ved Institutt for biovitskap eller student på programmet Lektor naturvitskap og matematikk (med biologi) ved UiB. Tilknyting til andre studieprogram ved Universitetet i Bergen kan ved særskilt relevant erfaring vurderast.
- Erfaring frå undervising, studentorganisasjonar, læringsmiljøarbeid, undervisingsutvikling, undervising og/eller annan fagleg formidling vil vurderast positivt.
- God munnleg og skriftleg formidlingsevne.
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert og motivert
- Du samarbeider godt med andre
- Du er sjølvstendig har evne til kritisk tenking
- Du er kreativ og tar initiativ
Me tilbyr
- Eit lærande og inspirerande arbeidsmiljø med rom for personleg utvikling
- Ein hyggeleg og variert arbeidskvardag
- Høve til å få erfaring frå prosjektarbeid, undervisingsutvikling, forsking, formidling og administrasjon
- Løn etter utdanningsnivå, med lønssteg 35 for påbegynt og lønssteg 40 (kode 0389) for oppnådd bachelorgrad, i det statlege lønsregulativet.
Søknaden skal innehalde
- Søknadsbrev (inntil ei side)
- CV som dekkjer utdanning og relevant arbeidserfaring
- Kopi av vitnemål og eventuelle attestar
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til senterleiar Sehoya Cotner (Sehoya.Cotner@uib.no, telefon 41336440) eller senterkoordinator Oddfrid Førland (oddfrid.forland@uib.no, telefon 48001853). Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
For søkjarar som vert kalla inn til intervju vil vi legge stor vekt på inntrykket under sjølve intervjuet i den endelege vurderinga.
Søknad, CV, vitnemål og attestar sendast med epost til oddfrid.forland@uib.no
Søknadsfrist: Måndag 17. april 2023